|
P/L Balestrand Bygdahus |
|
I sentrum av Balestrand kommune |

|
Balestrand Bygdahus Kulturhuset i Balestrand
|
|
Velkomen til Balestrand Bygdahus |
|
Balestrand Bygdahus er det lokale kulturhuset i Balestrand kommune. Det sto ferdig til bruk i 1962. Eit tilbygg med opphaldsrom, gaderober og toalett i tilknyting til scena vart bygt i 2002. Huset er organisert som partlag og det er i dag 10 lokale lag og organisasjonar som eig og driv Bygdahuset. Huset vert drive i nært samarbeid med Balestrand kommune, og det er kommunen som er den største leigetakaren. I Balestrand Bygdahus finn du såleis administrasjon og øvingslokale for den kommunale kulturskulen. Her er det òg norskundervisning for framandspråklege Av faste brukarar nemner me Balejazz, Sogn og Fjordane Teater, revygruppene til Balestrand Ungdomslag og Sygna vidaregåande skule og Songlaget med sin årlege vårkonsert. Friberg kino syner film 2 gonger i veka, som oftast onsdag og søndag. Sjå elles eiga nettside for Friberg kino.
|
|
Kontortelefon: 57 65 12 26 Styreleiar privat 57 69 13 73 E-post: balestrand.bygdahus@sognapost.no. |
|
Parteigarar
Balestrand bygdekvinnelag Balestrand bondelag Balestrand folkeakademi Balestrand helselag Balestrand idrettslag Balestrand kunstlag Balestrand Røde Kors Balestrand songlag Balestrand ungdomslag Lions Club Balestrand |
